Gå til sidens hovedinnhold

Babelsk forvirring og studentane som forsvann

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

(Helgelendingen)

Det er ei kjent sak at ulikt språk og mangel på felles forståing av kva orda betyr, kan gjere det vanskeleg å forstå kvarandre. Dei som sit med definisjonsmakta kan kjenne seg tent med å lage babelsk forvirring og ein og kvar av oss kan kome i skade for å vere for slappe med å klårgjere kva orda våre betyr. Slik kan feilaktige påstandar kome til å erstatte fakta. Løgna har nådd verdas ende, før sanninga har fått på seg skorne, sa mi salige farmor.

I debatten om gjenreising av Høgskolen i Nesna, har spørsmålet om studentane som forsvann, fått ny aktualitet. I valdebatten på NRK, torsdag 2.september, hevda Fredrik Solvang at det berre var 21 studentar på Nesna i 2018, og at resten, 409 ikkje fekk undervisning på campus Nesna, men tok fjernstudium . Dette er positivt feil, fordi det er ikkje mogleg å ta lærarutdanning i Noreg berre som fjernstudium. Rektor Hanne Solheim Hansen har i fleire samanhengar uttalt at det var studentane sjølve som la ned campus Nesna. Høgskolen i Nesna hadde 1.340 studentar ved fusjonen i 2016. Nord universitet la ned sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen og IT-utdanninga på Mo. Opptak til etter- og vidareutdanning vart stansa. Studenttalet ved Nesna gjekk då sjølvsagt ned. Det vart laga ei forteljinga om at studiestad Nesna var for lite til å vere attraktiv for studentane. Men sanninga er at søkinga til lærarutdanninga på Nesna steig og studentane kjempa tappert for å få lov til å fullføre si utdanning nettopp på Nesna. For sin innsats vart Nesna-studentane tildelt pris som ”Årets namn i akademia for 2020.”

Minister Trine Schei Grande uttalte og på TV at det var berre 21 studentar på Nesna og då blir det jo ein viss logikk i at ein slik studiestad ikkje kan vidareførast. Men korleis er dei opprinnelege 1340 studentane vorte til berre 21 studentar? Erling Dokk Holm har i Aftenposten 10. august, den fantasifulle forklaringa på dette: ”Studenttallet var latterlig lavt; kun 21 studenter hadde Nesna som sitt fysiske daglige studiested. Resten - 409 – gikk på studier som var samlingsbaserte. De var der med andre ord bare noen uker hvert år”.

For å få reknestykket om dei få 21 studentane til å gå opp, er det laga eit skilje mellom dei studentane som har undervisninga fordelt over heile året og dei som har undervisninga konsentrert på camus til nokre veker, såkalla samlingsbasert undervisning. Med eit trylleslag blir så desse studentane gjort usynlege og ikkje eksisterande. Det er heilt meiningslaust å lage eit slikt skilje mellom studentane, og det blir heller ikkje gjort når det gjeld studentar på andre stader. Nord universitet har etablert lærarutdanning på Mo som erstatning for Nesna. Undervisninga er organisert i samlingar, slik som på Nesna, men her blir studentane rekna med på same vis som dei som får undervisning i Bodø eller Levanger.

Dei som har undervisninga konsentrert i samlingar, har sjølvsagt like stort behov for kontakt med fagpersonale, med biblioteket, med spesialrom osv, som andre studentar. Mellom samlingane jobbar studentane med litteraturstudiar, dei leverer oppgåver, individuelt og saman med medstudentar. Studentane på Nesna toppar kåringa på NOKUT sitt studiebarometer for kor tilfredse dei er med si undervisning og det samla tilbodet på studiestad Nesna. Dette blir no sist referert i Khrono, 25.08.2021. Studentar som går på studiar med samlingsbasert undervisning, har same opptakskrav, same krav til eksamen og desse utdanningane blir godkjente av NOKUT på same vis som anna utdanning. Samlingsbasert undervisning kan bli gitt både for studium på full tid og deltid.

Samlingsbasert undervisning er den vanlegaste organiseringsforma for det som blir kalla desentralisert utdanning, men kan ikkje brukast synonymt. Desentralisert utdanning blir vanlegvis gitt frå institusjonar som er plassert i dei største byane. Difor er det viktig å ha utdanningsinstitusjonar lokalisert til distrikta, slik at vi skaper kunnskapssentrum som kan desentralisere frå ulike perspektiv. Samlingsbasert undervisning er eit svært viktig tiltak for å rekruttere studentar som har jobb og familie og ikkje kan prioritere å vere heile studietida på campus.

Kommentarer til denne saken