Personfokus i kommunevalkampen

Etter mange år i politikken, er ordførar Ivan Haugland framleis forundra over personfokus på partilistene sine ordførarkandidatar. Det er rart, særleg fordi Ivan brukar eit heilt innlegg til nettopp å skamrose AP sin ordførarkandidat og samtidig nedsnakke SP sin kandidat, Trine Fagervik. Kvifor gjer Ivan dette? Fordi Ivan veit at ordførarvervet er svært viktig og vervet er svært personavhengig. Det var som ordførar at Ivan kunne «tenkje på eit tal», ta initiativ til Lad Opp-prosjektet på Leland, utan å involvere kommunestyret og utan å ha budsjettdekning. Likevel hevdar Ivan og ordførarkandidat for AP, Sten Rino Bonsaksen, at AP i Leirfjord, er «ansvarlege» trass i underbudsjettering og store underskot i kommunerekneskapen. At kommunen blir «redda» av integreringstilskot frå regjeringa, rettferdiggjer ikkje dette.

Ordførarkandidat Trine Fagervik og SP skal ha ros for at dei sloss for grendeskolane i Leirfjord. Organisering og innhald i skolepolitikken, er eit av dei viktigaste politiske spørsmåla i valkampen. Likevel polemiserer Ivan mot Trine Fagervik med karakteristikkar som «pokerfjes» og «pokerspel». Ivan etterlyser debatt om politisk retning. Då burde han gå føre med eit godt eksempel!

Eit kommuneval er eit viktig personval. Difor har alle parti sin ordførarkandidat. Velgarane kan sett eit kryss ved den kandidaten dei meiner er best. Slik kan alle velgarane delta i eit personval som innverkar på samansetninga av kommunestyret. Vi har til og med rett til å føre opp namnet på ein person frå eit anna parti, dersom vi har tillit til denne personen. Det er svært uheldig at ordførar Ivan nedsnakkar denne demokratiske retten som alle velgarane har til å påverke val av ordførar, så vel som val av representantar til kommunestyret.

I kommunevalet vel vi ikkje berre parti. Det er eit viktig personval og det handlar om tillit. Bruk retten din til å vurdere og eventuelt endre personprioriteringa i ditt parti. Bruk retten din til å sette eit ekstra kryss ved den kandidaten som du meiner vil kunne gjere ein forskjell i positiv retning. Godt val!