Det er de tre foredragsholderne Ivar Roger Hansen, Ronny Spaans og Klaus Johan Myrvoll som tar opp tematikken søndag 19. juni.

Petter Dass-museet skriver følgende om programmet:

Ronny Spaans: «Skrømt og daude i Nordlands Trompet»

Tenestejenta Nille Jonsdotter vart halshoggen i 1687 i Steigen. Ho skulle ha drepe sitt eige barn. I saka mot henne vart skrik og rop frå gjenferdet til barnet bruka som prov på ugjerninga hennar. Historia om dette gjenferdet er den einskildhendinga som får størst plass i «Nordlands Trompet». Av denne omtalen får vi vita kva syn Petter Dass ikkje berre hadde på denne spesifikke saka, men òg på juryordninga, magi og trolldom. Spaans viser at Dass hadde eit syn som var moderne for si tid.

Ronny Spaans er fyrsteamanuensis i nordisk litteraturvitskap ved Nord universitet. Han er frå Brønnøysund og har ein doktorgrad frå Universitetet i Oslo frå 2015 om den nederlandske diktaren Joannes Six van Chandelier (1620–1695), som levde samtidig med Petter Dass. Avhandlinga er publisert på Amsterdam University Press i 2020. Han har òg skrive artiklar om Petter Dass, Olav Nygard og Olav H. Hauge.

Klaus Johan Myrvoll: «Den fæle futen og den saklause leiglendingen? Ei drapssak på Helgeland i 1690 sett i ljos av lovverket»

I 1690 døydde leiglendingen Nils Kristoffersson på Sandnes (ved dagens Sandnessjøen) etter eit slag med flatsida av ein kårde. Det var futen Peter Angell, verbror til Petter Dass, som stod for kårdeslaget. Rettssaka som fylgde, illustrerer godt den tids rettspraksis. Angell vart frikjend, men kva botna saka eigenleg i?

Klaus Johan Myrvoll (f. 1981) er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Stavanger. Han er utdanna norrønfilolog og har doktorgraden på ei avhandling om datering av skaldedikt. I tillegg til norsk og nordisk språkhistorie og norrøn litteratur har han arbeidt mykje med genealogi, lokalhistorie og lov og rett i gamal tid, med vekt på mellomalderen og tidleg nytid (1500- og 1600-talet).

Ivar Roger Hansen: «Da skeer et Mord paa tre Maneer…»

Et blikk på Petter Dass' forklaring til Det femte bud i et religiøst, samfunnsmessig og kulturhistorisk perspektiv.

Hansen vil se på hvordan Petter Dass' katekismesang til Det femte bud forholder seg til Luthers forklaring i hans store katekisme, til bestemmelsene «Om Manddrab» i kong Christian Vs Norske Lov og hvilken rolle teksten har hatt i norsk kulturhistorie. «Da skeer et Mord paa tre Maneer…» Et blikk på Petter Dass' forklaring til Det femte bud i et religiøst, samfunnsmessig og kulturhistorisk perspektiv.

Ivar Roger Hansen var daglig leder ved Petter Dass-museet fra 2004–2013. Fra 2014–2020 var han direktør ved Ringve Musikkmuseum i Trondheim. Han arbeider nå som frilans forsker og forfatter og vil publisere et større dokumentasjonsarbeid om Petter Dass i løpet av året.