Kor går vegen vidare?

Av

Tidligere rektor ved Høgskolen på Nesna føler seg lurt og sveket av Nord Universitet etter avgjørelsen om å legge ned utdanningen på Nesna og i Sandnessjøen.

DEL

MeningerStatusen for fusjonsavtalen mellom tidlegare Høgskolen i Nesna, Universitetet i Nordland og Høgskolen i Nord-Trøndelag, er no avklara. No ser vi klårt at arbeidet med å legge ned Campus Nesna/tidlegare Høgskolen i Nesna, starta umiddelbart etter fusjonen, gjennom nullopptak ved sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen, nedtrapping av studietilbod, både på Nesna og i Mo og nedbygging av studenttilboda på Nesna. Nedsnakking av fagtilbodet, studentane og den generelle studiesituasjonen på Nesna og i Sandnessjøen, vart intensivert og toppa seg gjennom det notatet som rektor leverte til styret i sitt forslag til ny studiestadsstruktur for Nord universitet. Vedtaket som styret gjorde den 26.juni, vil, om det blir sett ut i livet, i sin konsekvens sette Helgeland hundre år tilbake i tid, ved at det ikkje lenger finnest ein fungerande og lokal forankra, høgare utdanningsinstitusjon på Helgeland.

Måten dette vart gjort på, gjennom å presse tidlegare Høgskolen i Nesna til ein fusjon som ikkje var verdt papiret den var skriven på, er djupt krenkande og eit svik mot dei som på vegne av Høgskolen i Nesna gjekk med på fusjon, fordi dei trudde på fusjonsavtalen. Som Ingelin Noresjø så treffande har sagt det: Vi kjenner oss lurt!

Det positive i denne situasjonen er det massive opprøret som har reist seg over heile Helgeland og faktisk over store delar av landet. Det har vorte reist ein viktig debatt om korleis vi vil at landet vårt skal vere og utvikle seg, det er gjennomført ein opplysningskampanje om historia og innsatsen til Høgskolen i Nesna gjennom hundre år, vi har vist at tidlegare Høgskolen i Nesna har vore ein hjørnestein i arbeidet med å skaffe lærarar, førskolelærarar, sjukepleiarar og IT-kandidatar til Helgeland spesielt, men og til Nord-Noreg og resten av landet. Vi har vist at tidlegare Høgskolen i Nesna har vore ein garantist for utdanning i distrikts-Noreg.

Det viktigaste i drøftinga om strategien framover, er difor å finne ut kva som er målsettinga vår med kampen vidare. Dersom vi jobbar hardt, kan det hende at det blir sett i gang distribuert lærarutdanning på Mo eller i Brønnøysund, og det kan tenkjast at dette på eit vis kan dekke behova for lærarar og sjukepleiarar for Helgeland på sikt. Er vi i så tilfelle nøgd med dette? Eg meiner NEI, fordi dette er ei dramatisk nedbygging av det høgare utdanningstilbodet som har vore drifta frå Campus Nesna/tidlegare Høgskolen i Nesna. Eg meiner vi må stå fast på det som var intensjonen med fusjonen, nemleg vidareføring og vidareutvikling av dei sjølvstendige institusjonane som gjekk med i fusjon i 2016.

Det er med andre ord svært viktig at vi ikkje berre snakkar om distribuert lærarutdanning og sjukepleiarutdanning på Helgeland, for det kan vi kanskje få gjennom nett og diverse distribuerte opplegg. Poenget er at vi kan ikkje finne oss i at dei flotte lokalane som er bygd opp på Nesna gjennom hundre år, bokstaveleg tala gjennom sveitte og tårer, skal bli ståande tomme. Vi kan ikkje finne oss i at dei 130 kompetansearbeidsplassane som vi hadde kjempa oss til skal bli flytta ut av regionen, med alle dei samfunnsmessige konsekvensane som dette fører med seg. Vi kan ikkje finne oss i at det aktive og innovative miljøet som fagfolk og studentar har skapt gjennom nettopp at fagpersonale og studentar er lokalisert til Nesna og Helgeland, skal bli rasert. Det tek tiår å bygge opp fagmiljø og kompetanse, men det går fort å bygge det ned.

Det har vore gjennomført utallige utviklingsprosjekt i skole, barnehage, i kulturlivet osv. gjennom samarbeid med fagmiljøet på Nesna. Alt dette vil vi tape dersom vi står igjen med berre distribuert utdanning, same kor det er leia ifrå. Vi kan ikkje finne oss i ei slik nedbygging. Dette handlar ikkje primært om arbeidsplassar på Nesna, fordi svært mange av dei tilsette har/har hatt adresse til Mosjøen, Sandnessjøen, Mo, Leirfjord, Dønna osv. Det handlar om å utvikle heile landet. Det handlar om å vise at det er ikkje storleiken som er avgjerande for vekst og utvikling. Det handlar om å sloss for at dersom det skal bu folk i heile landet, så må det utviklast institusjonar som kan synleggjere at dette er mogleg.

Når Ivar Hjellvik greidde det i 1918, så er det sjølsagt mogleg å greie det i 2019. men vi må altså ville det og vere villige til å kjempe og jobbe for det. Ikkje noko kjem av seg sjølv. Det er på ingen måte umogleg, sjølv om det er nokon som vil prøve å få oss til å tru nettopp det. Den einaste kampen vi har tapt, det er den vi har gitt opp.

Vi må ikkje la oss lure ein gong til.

Artikkeltags