Ja, seier regjeringa Støre. Nei, seier Kristin Vinje, direktør i det nasjonale organet for kvalitet i utdanning, NOKUT. Den raudgrøne regjeringa med Støre i spissen, meiner at avgjerda om kor det skal vere studiestader, må avgjerast politisk ut frå kva som må til for å rekruttere fagfolk over heile landet. Direktøren i NOKUT meiner at denne avgjera skal ligge hos NOKUT. Dette blir det debatt av, som Fredrik Solvang i NRK seier.

Debatten skal gå føre seg på campus Nesna 21. mars, og leiar i debatten er ikkje Fredrik Solvang, men Anne Ekornholmen, debattredaktør i Nationen. Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland inviterer igjen til nasjonal konferanse for å drøfte framtida for høgare utdanning og kva som må gjerast for å sikre at det blir utdanna lærarar til skole og barnehage i distrikta og ikkje berre til dei store byane. I panelet vil leiar i Utdanningskomiteen på Stortinget, Hege Bae Nyholt (Raudt) delta. Saman med henne stiller Åshild Pettersen, leiar i Nordland SV, Odd Arnold Skogsholm, nestleiar i Nordland AP, og stortingsrepresentant Maren Grøthe frå SP. Folkeaksjonen jobbar med å få alle partia representerte.

Skal vi sikre at den over hundreårige tradisjonen med høgare utdanning på Nesna og Helgeland blir vidareført i nye hundre år, må vi jobbe fagleg og politisk for å synleggjere at dette er både nødvendig og mogleg. På konferansen får vi ei rekke faglege og politiske innspel for å underbygge arbeidet. Ronny Kjeldsberg frå NTNU, Kåre Fuglseth frå Nord universitet, Anette Fosse frå Nasjonalt senter for distriktsmedisin, Renate Nordnes frå Utdanningsforbundet og Gunnar Årstein frå Landslaget for nærmiljøskolen (LUFS), er nokre av dei som skal informere og inspirere oss.

I tillegg til faglege ekspertar, trengs det eit engasjement frå samfunnsengasjerte menneske på Helgeland. Ordførar i Grane, Ellen Schølberg vil ønske velkommen til konferansen på vegne av kommunane på Helgeland. Konferansen er open for alle interesserte. Kjenner du nokon som kanskje tenkjer på å ta lærarutdanning? Inviter dei med på konferansen!

Jenny Myklebust, leiar

Arna Meisfjord,

Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland